Tareskogane nesten borte i Skagerrak

| januar 19th, 2018 | Uncategorized

Rundt 80 prosent av tareskogen langs norskekysten mot Skagerrak har vorte borte sidan 2002.

Over heile verda minkar tareskogane med farleg fart til fordel for slamhaldige trådalgar. Det viser eit oversyn som Norsk institutt for vassforsking (Niva) har laga.

– Det er urovekkjande nyheiter for økosystema i havet, skriv Niva i ein artikkel på nettsidene sine.

Mens klimaendringane har gitt dårlegare livsgrunnlag for kråkebollane, som gjennom fleire tiår har beita ned tareskogane langs norskekysten, er trådalgar no den nye store trusselen, fortel Niva.

Trådalgane breier seg flatt ut over sjøbotnen og hindrar taren i å få nytt fotfeste. Dermed fortrengjer algane dei rike økosystema som er heim for tallause krepsdyr, fisk og sniglar. Dei undersjøiske skogane dekkjer ein firedel av kystområda i verda og leverer økosystemtenester verd oppunder 8.000 kroner per kvadratkilometer, ifølgje Niva.

Fleire stader i verda er tareskogane i sterk tilbakegang og erstatta av trådalgar, mellom anna utanfor kysten av Australia og ved Nova Scotia på austkysten av Canada. Den direkte og indirekte årsaka er klimaendringar og varmare vatn.

Meir sårbare

Ein studie som Niva-forskar Karen Filbee-Dexter har gjort saman med ein australsk kollega, viser at taren som regel døyr før temperaturen har auka så mykje at temperaturauken i seg sjølv er dødeleg.

– Tareartane er organismar som trivst best i kaldt vatn, og når temperaturen rundt dei aukar, blir den generelle tilstanden og motstandsevna deira dårlegare. Da blir dei ekstra sårbare for andre truslar som overgjødsling, forureining, framande artar, hausting og stormar, seier Filbee-Dexter.

Gradvis temperaturauke i sjøen kan altså føre til at tareskogen over tid blir erstatta av trådalgar, men brå hetebølgjer i havet kan òg ta knekken på taren på ein enkelt sommar, slik tilfellet var i Australia.

Tiltak nyttar

Når trådalgane først har fått overtaket, er det svært vanskeleg å snu utviklinga utan ei dramatisk betring av miljøforholda. I Sydney i Australia lykkast styresmaktene med å få taren til vekse oppå algelaget etter at dei hadde redusert kloakkutsleppa frå byen.

Her til lands arbeider Havforskingsinstituttet med å utvikle ein metode for å så tare på grus, det såkalla Grøn grus-prosjektet. Håpet er at det vere mogleg å plassere grus-taren oppå trådalgane, slik at tareskogane igjen kan få feste.

Forskarane trur likevel at den globale oppvarminga kjem til å skuve stadig fleire tareskogar forbi det biologiske vippepunktet, det vil seie punktet der endringane blir for store til at vi kan håpe på å hjelpe tareskogen tilbake.

Uncategorized

LANDSKAPSKARTLEGGING BLÅ SKOG-POLITIKK I NORGE
Landskapskartlegging Blå Skog-Politikk I Norge Den norske regjeringen har siden 2015 bevilget omtrent 327 millioner NOK til blå skogprosjekter i 25 land over hele verden For å markere Jordens dag, lanserer Norsk Nettverk for Blå Skog (NBFN) i dag en kartleggingsrapport om norsk politikk og prosjekter innen blå skog. Blå skog er kystøkosystemer som tareskog, […]
SPARER DATOEN: NORSK BLÅ FOREST FORUM
Vi er glade for å kunngjøre datoene for årets begivenhet organisert av Norwegian Blue Forests Network! Når: November 9 to 13, 2020 Hvor: på nett Program: Man 9/11: Blå skog i Norge Tirsdag 10/11: Forskningsresultater og kunnskapsutfordringer Ons 11/11: Nye marine næringer Tor 12/11:Forvaltning av blå skog i Norge Fre 13/11: Internasjonale perspektiver Høyttalere TBC. […]
NBFN on Arendalsuka 2018
“Bærekraftig vekst i de blå skogene” Velkommen til Norsk nettverk for Blå Skogs kveldsarrangement, torsdag 16/8 kl 19 – 22, Le Monde Arendal. Rebekka, Manuel, Stavros, Siri og Trond kommer! Kommer du? Del gjerne med kolleger som du tror er interessert! Og trykk “skal” på vårt Facebook arrangement